Svett & Spræk
- Detaljer
- Skrevet av Administrator
-
Kategori: HIL
-
Publisert 19. september 2019
Hilde Skeie og Guro Dølen er klare for nok ein haust med trening i gymsalen på Gvammen skule.
Kl. 19:00 kvar torsdag. Bli med, her er plass til alle.
Men før du entrar gymsalen, må du ha betalt medlemskontigenten for 2019.
BARNEIDRETT 2019
- Detaljer
- Skrevet av Administrator
-
Kategori: Barneidrett
-
Publisert 19. september 2019
Denne hausten blir barneidretten på tysdagar, og fyrste gongen er 15. oktober. Fram til og med 3. desember.
Husk innesko og drikkeflaske.
1.-4.klasse: 16:45-17:45
5.-7.klasse: 17:45-18:45
Alle barna SKAL bli fulgt og henta ved dynna! Med tanke på sikkerheit.
Og sist men ikkje minst: alle som deltek på HIL sine arr, MÅ ha betalt medlemskontigenten for 2019. Er du usikker på om du allereie har gjort det? Kontakt kasserar Renate Bakken (tlf. 971 54 798)
Har du spørsmål om Barneidretten? Kontakt Ann-Christin F. Høgetveit (tlf. 986 28 631)
MiniTri 2019
- Detaljer
- Skrevet av Anette Langåsdalen
-
Kategori: HIL
-
Publisert 25. august 2019
Hjartdal IL arrangerte MiniTri i Hjartdal sundag 18.august.
Samtidig som Dag Olav Tho fullførte sin femte maraton i Værstingen, haldt den yngre garde med born og unge på med MiniTriatlon i kyrkjeparken i Hjartdal. Og blant dei 36 tøffe ungane som deltok var det kanskje ein framtidig deltakar i Værstingen? 😉
Grunna stor vassføring og kaldt vatn, blei svømming bytta ut med spensthopp før sykkel og løping sto for tur.
Det blei eit vellykket MiniTriatlon, men deltakarane fekk ein ekstra utfordring under sitt løp da himmelen åpna seg for fullt. Hjartdal Idrettslag skaper originale konkurranser i ein uhøgtideleg konkurranse for å inspirere dei minste. Heilt ned til dei med støttehjul deltok. Det var ingenting å si på innsatsen til utøverne i alderen 2- 14 år. Og støtteapparatet sørget for forfriskninger og energipåfyll. Og som hedersgjest passerte Dag Olav Tho, superværstingen, i fint driv ut på sitt 5. maraton.
Det var også muligheter til å ta idrettsmerke i stille hopp og ballkast under arrangementet.
Foto/tekst: Renate Bakken, Telen v.Trond Kaasa. Takk!
Værstingen 17.-18.08.2019
- Detaljer
- Skrevet av Anette Langåsdalen
-
Kategori: HIL
-
Publisert 25. august 2019
I helga arrangerte Hjartdal IL for andre gong ultraløpet "Værstingen" i Hjartdal. Den tjukke tuku låg som eit teppe over dalen, men letta ettersom deltakarane hadde runda 150 runder rundt fjoset. Og dei skulle 247 rundar rundt Teleros, eit maraton, før det bar ut i Hjartdalsfjella.
Dag Olav Tho klarte målet om 5 runder på tida 34 timar og 15 minutt. Me fekk au tre Værstinger på 3 runder: Øystein Jack Ness, Mariann Langås og Kari Beate Hovde!
Været har ikkje spelt heilt på lag, men det la ikkje demper på humøret til deltakarane! I tillegg til ein positiv deltakergjeng, har me eit vanvittig bra supportmannskap som løyser alt! TUSEN TAKK til alle som har bidratt til å få Værstingen gjennomført og gratulerer til dykk 4 som fekk godkjent Værstingen i år! TUSEN TAKK til sponsorane!
'Me sjåast te neste år!' #Værstingen2020
Deltakarar med startnummer: Jørgen Grønstad (107), Mariann Langkås (102), Kari Beate Hovde (103), Trine Haugeberg (101), Øystein Jack Næss (109), Jan Remi Særsland (108), Cato Listaul (111), Anders rekdal Christensen (106), Fredrick karlsen (110), Einar Rud (105), Dag Olav Tho (104) og Tom Sedgwick (112)
Fotograf: Telen og Hjartdal IL
Årsmøte 2019, saksliste
- Detaljer
- Skrevet av Helge Bekkhus
-
Kategori: HIL
-
Publisert 13. mars 2019
Årsmøte i Hjartdal Idrettslag 2019
21. mars kl. 19.00 på Bergtun klubbhus
1) Godkjenning av dei som har stemmerett
2) Val av møteleiar, referent og to til å skrive under protokollen
3) Handsaming av årsrapportar frå styret og gruppene.
4) Handsaming av årsrekneskapen 2018
5) Handsaming av medlemskontingenten 2019
6) Handsaming av budsjett 2019
7) Val med framlegg frå valkomiteen
Vel heim!
Årsrapportane og årsrekneskap blir lagt fram under årsmøtet.
Helsing Styret